Museo

Ullinsvin

Inirerekomenda ng 5 lokal

Mga tip mula sa mga tagaroon

Unni
June 30, 2020
Ullinsvin, den gamle prestegarden i Vågå, ligg fint til på ei lita høgde ved Vågåmo sentrum og består av totalt 13 bygningar, dei fleste freda. Galleri Ullinsvin er eit nytt galleri i Ullinsvin, ferdigstilt i 2019. Sommaren 2020 vises utstillinga Vågå-sommar 2020 i Galleri Ullinsvin. Dette er ei betydeleg mønstring av norsk kunst. Håkon Bleken, Kjell Erik Killi-Olsen og 19 kollegaer er representert med ulike kunstverk. Alle dei 21 kunstnarane har ein relasjon til Trøndelag, men kunstnarskapa er heilt unike og har ingen felles uttrykksform. Utstillinga presenterer eit breitt spenn av teknikkar, materiale og uttrykksformer. Her kan ein bli kjend med ulike kunstnarskap som viser noko av breidda på kunstscena i dag. Sommaren 1894 reiste ti unge, norske kunstnarar til Vågå for å måle. Vågå-sommeren 1894 har blitt eit omgrep i norsk kunsthistorie, på same måte som Fleskum-sommeren 1886. No blir det skapt eit nytt innhald til omgrepet «Vågå-sommar». Medan aldersspennet på kunstnarane i 1894 var 17 – 30 år, er det i år 19 – 91 med Håkon Bleken som den eldste og Ingvar Wik Høgås som den yngste.
Ullinsvin, den gamle prestegarden i Vågå, ligg fint til på ei lita høgde ved Vågåmo sentrum og består av totalt 13 bygningar, dei fleste freda. Galleri Ullinsvin er eit nytt galleri i Ullinsvin, ferdigstilt i 2019. Sommaren 2020 vises utstillinga Vågå-sommar 2020 i Galleri Ullinsvin. Dette er ei be…
Ingrid
June 5, 2022
Ullinsvin er prestgarden i Vågåmo. Her kan man ta en spasertur i den vakre hagen, besøke museumet eller ta en kaffe på kafeen.
Lokasyon
4 Øvre Nordheradsvegen
Vågå, Innlandet